Byt ut gamal jord i krukker og kassar.Litt leca kuler (dekka med duk av eit eller anna slag) i botn er ein fordel.
Fyll opp med ”skikkeleg” jord /torvblanding.
Tenk vekstkraft,slik at kraftigveksande planter ikke kjøver dei spinklare.
Kjøp planter som ser sunne ut frå gartneriet.
Hugs at plantene også treng gjødsel (mat) etter at dei er planta .Kraftigveksande treng meir enn svaktveksande.
Gjødsla gjerne ein gong i veka med t.d. Superex (16-4-24 ) 1-2 spiseskeier i 10 l vatn el. 0,5 dl fullgjodsel (15-4-12) i 10 l vatn. Langtidsvirkande gjødseltabelletter er ein enkel måte å gjer det på. Dei kan vare fleire veker/månader.
Hugs å vatna. I varmt ver må du gjerne vatna ein gong til dagen, i alle fall viss krukkene er små. Kjenn på jord/ sjå på plantene før du vatnar. Ikkje vatna for ”sikkerhets skuld”.Både for mykje og for lite vatn er like uheldig.