Vekenytt 3-2013 (21.mai)

Varmare ver, 17.mai feiring og pinse gjorde sist veke til ei av dei travlaste  til nå. Er du ein av dei som ennå ikkje har planta, treng du ikkje bekymra deg. Me har framleis  rikeleg med planter.

Nå begynnar dei største amplane (38cm ) å verta verkeleg fine. Me har også ein del såkalla ”blomstertårn”. Dette er tårn i planta ei rekke ulike planter med forkjellige fargar. Eit flott syn når dei står i full flor. Sjå bildegalleri under:

Vind kan til tider vera ei stor utfordring når ein har med hengjande amplar/planter å gjera. Først og fremst bør ein velja planter som tåler vind godt på utsette stadar. På vindsvake sortar kan ein gjera einskilde tiltak for å forebyggja brekkasje .Ei eller anna form for forankring som å stikka pinnar/klammer over greinene og ned i jorda hjelper .Enkelte planter som hengjepelargonium  vert selde med eit støttegitter. Ikkje fjern dette gitteret når du plantar. Etter kvart som planta veks vil den dekke over desse hjelpemidlene .Planta vert også meir robust og sterkare  når den kjem ut frå beskytta tilvære i gartneriet.

IMG_3509

Vindsterke sortar : Brachycome (blåstråle), verbena, scaevola ( femtunge), hengjelobelia, bidens, helichrysum , sanvitalia og hengjebegonia.

Middels :               Surfina

Svake    :              Hengjefuchsia, Million Bells og Hengjepelargonium.

Lykke til og fortsatt  god sommar!