Vekenytt 1-2013 (1.mai)

Våren med etterlengta sol og varme let venta på seg. Kun få sorter sommarblomar bør plantas ut med dei temperaturane med har hatt dei siste vekene. Stemor klarer seg, og dei mest vanlege sortane margarittar er også ganske hardføre. Likeså diascia .

CIMG0606

Værmeldinga inn mot helga seier derimot likare vær med temperaturar rundt 10 grader. Då bør ein også kunne plante ut dei fleste sortane. Vil ein absolutt plante nå ,t.d. i krukker og kar ,kan ein jo dekke dei til  med eit eller anna om natta og/eller setja dei inn mot husvegg eller under halvtak. Dette vil også vera med å herda plantene. Uansett er det jo eit lite ”kultursjokk” for plantene når dei vert flytta frå eit beskytta tilvære i veksthus til friland. Ver heller ikkje redd for å spørja om råd når du handlar. Me vil jo også at kundene lukkast med plantene dei kjøper hos oss. Lukke til!CIMG0609Nokre bilete tatt 1. mai: